Eplesaft / Eplemost

EPLEMOST

Eplemosten vår er laga av friskpressa, solmodne eple. Den er eit 100 % reint naturprodukt frå Hardanger. Det er ikkje tilsett sukker eller andre tilsetjingsstoff. Steinstø har med sine bratte og sørvendte bakkar optimale vekstforhold for frukt og bær. Eplemosten bèr difor i seg den solmodne og søte smaken frå epla.  

Smaken kan variera etter kva sortar i blanding som vert brukt. I hovudsak er det sortane Gravenstein, Summerred og Aroma som er brukt.

Eplemosten er pasteurisert, men ufiltrert, og inneheld difor små fruktpartiklar som er med på å gje ein god smak og eit høgt næringsinnhald.

Me sel eplemosten i:

Flasker på 0,75 l og 0, 35 l

Bag-in-box på 3 l

For bestilling, ta kontakt på:
post@steinsto.no/ tlf: 922 52 637