Frukt & bær
MORELLER
Sesong: Ca. 1. juli - slutten av august
Tidlegsortar (frå ca. 1. juli): Burlat
Middels-seine (frå ca. 7. juli): Merchant
Seine (frå ca. 14. juli): Sunburst, Van, Stella, Techlovan, Lapins.
BRINGEBÆR
Sesong: Medio juli – medio august
Glen Ample: Store fine dessertbær, òg eigna til sylting.
KIRSEBÆR
Sesong: August
Fanal: Mørke og store, eignar seg til sylting, likør m.m
PLOMMER
Sesong: August – slutten av september
First: Saftige, svært tidleg sort. Eteplomme.
Blåplommer (Rivers early): Gamal sort. Søte/syrlege, slepper steinen. Gode til eting, sylting og hermetisering.
Edda: Svært god eteplomme.
Opal: God til eting, sylting og hermetisering.
Mallard: God til eting, sylting og hermetisering. Grev Altans: Svært god plomme, men tåler lite regn.
Reine Cloude d`oullins: Stor god og gul eteplomme. Svært god til syltetøy.
Viktoria: Gamal, solid sort. God til eting, sylting og hermetisering.
Reeves: Svært stor og frisk god eteplomme. Fast konsistens.
Excalibur: Svært stor og søt eteplomme. Jubileum: Stor avlang, blå plomme. Søt med syrleg skinn. Valor: Stor avlang, lys blålilla plomme. Søt og syrleg smak.
PÆRER
Sesong: Byrjinga av august – slutten av oktober.
Skånsk Sukkerpære: Søte små pærer, lite haldbare.
Pricose de Trevoux: Litt ”krydderaktig” smak, lite haldbar. Ingrid: Ny, svært populær sort. Søt, saftig og fast. Keiserinnepærer: Søt og saftig. Populær etepære. Celina: Fast og saftig. Forholdsvis bra lagringspære.
Giffard: Litt syrleg, men god smak.
Herrepære: God gamal sort. Middels stor. Svært smakfull.
Greve Molkte: Gamal sort. God til både eting og hermetisering.
Clara Frijs: Saftig, god etepære. God haldbarheit.
Gråpære: Gamal, god pæresort. Svært søt.
Hertzugin Else: Saftig. God til både eting og hermetisering. Haldbar.
Dobbel Phillip: Fine til hermetisering.
Ingeborg: Ny sort. Stor og saftig etepære. Haldbar.
EPLE
Sesong: August – desember.
Sommareple - vanlegvis i august månad:
Close: Syrleg med god smak, lite haldbar.
Transparente: Gamal sort, lite haldbar.
Vista Bella: Godt ete-eple, held seg ca 1 mnd.
Quinte: Litt syrleg sommareple, lite haldbar.
Hausteple - vanlegvis frå slutten av august til midten av oktober:
Prins (gul og raud): Bergensarane sitt favoritt-eple, hardt og sprøtt.
Kronprins: Som prins, men heilt mørke-raude.
Discovery: Flott eple med fyldig smak.
Rosette: Som Discovery, men raud i “kjøtet”.
Summerred: Syrleg og smakfullt eple, haldbare til desember.
James Grieve: Far sitt favoritt-eple, søtt og saftig, haldbare til desember.
Gravenstein (gul og raud): Saftig, haldbare til jul.
Kaupanger: Hardt og sprøtt, minnar om prins, men er haldbare til over jul.
Åkerø: Austlendingane sitt favoritt-eple.
Vintereple - vanlegvis frå byrjinga av oktober
Granat: Sprø og søt.
Aroma (gul og raud): Best-selgjaren, søt, saftig og haldbare til over jul.
Torstein (gul): Svært haldbare, til langt over jul.
Karen Schneider: Minnar om litt om Prins i smak. Godt lagringseple.
Ingrid Marie: Liknande som Karen Schneider på smak. Godt lagringseple.
Håkonseple: Gamal sort, godt lagringseple.
Filippa: Godt lagringseple, ”Far” til Aroma.
Bramley seedling: Typisk mateple og god til sider, syrleg og veldig haldbar.
Ellis bitter: Som Bramley, typisk sidereple.
Rubinstep: Litt lik på Elstar i smak, svært godt lagringseple - til langt over jul.
Elstar: Frisk, søt og god smak, svært godt lagringseple - til langt over jul.
For meir informasjon og bestilling, ta kontakt på:
post@steinsto.no/ tlf: 92252637