Me beklagar å meddela at det ikkje vert noko drift av Steinstø frukt- og kakebu i sesongen 2023.

På grunn av helsemessige årsaker har me tatt nokre vanskelege val for sesongen 2023. Det inneber å ikkje driva Steinstø frukt- og kakebu eller gardsrestauranten. Samt at det ikkje vert dreve turisme. Garden vert driven vidare i noko mindre målestokk enn før.

Bær og frukt skal selgjast ved sjølvbetjent løysing ved Kakebua i år.

Steinstø Kakebu AS ved Heidi Steinstø Helgheim, har flytta lokasjon til Folkets hus i Ålvik. Dersom du ynskjer catering eller å ha selskap, kan du ta kontakt med Heidi på mail: heidi.helgheim@gmail.com eller telefon 996 91 527.


Vår koselege gardsrestaurant Kjedlaren ligg i kårhuset. Den er open for grupper på over 15 personar som har tinga plass på førehand.

 

Vår koselege gardsrestaurant Kjedlaren ligg i kårhuset. Den er open for grupper på over 15 personar som har bestilt på førehand. For bestilling av lokalet og mat, kan du ringa Heidi på telefonnummer: 99 69 15 27. Tidlegare vart kjellaren nytta til sortering av frukt, men i 2007 vart lokala totalrenoverte. No kan Kjedlaren nyttast til alle typar arrangement året rundt, til dømes bursdagar, barnedåp, konfirmasjon, bryllaup, vennefestar eller blåturar. Lokalet rommar om lag seksti personar. Lokala er også veleigna til kurs og møte. Me har prosjektør, lerret og trådlaust Internett.

SERVERING: I Kjedlaren lagar Heidi heimelaga tradisjonsmat, gjerne laga av lokale råvarer. Gjester kan få servert lunsj, middag, koldtbord eller enklare rettar. Kjedlaren har skjenkeløyve for øl, vin og brennevin. Prisar for mat ved restaurantbesøk finn du ved å klikka deg vidare inn i dei ulike menyane.

For spørsmål, gode tilbod og bestilling, ta kontakt på:
post@steinsto-kakebu.no, 996 91 527

spekemat.jpg
Skjermbilde 2018-04-11 kl. 13.13.04.png