Me beklagar å meddela at det ikkje vert noko drift av Steinstø frukt- og kakebu i sesongen 2023.

På grunn av helsemessige årsaker har me tatt nokre vanskelege val for sesongen 2023. Det inneber å ikkje driva Steinstø frukt- og kakebu eller gardsrestauranten. Samt at det ikkje vert dreve turisme. Garden vert driven vidare i noko mindre målestokk enn før.

Bær og frukt skal selgjast ved sjølvbetjent løysing ved Kakebua i år.

Steinstø Kakebu AS ved Heidi Steinstø Helgheim, har flytta lokasjon til Folkets hus i Ålvik. Dersom du ynskjer catering eller å ha selskap, kan du ta kontakt med Heidi på mail: heidi.helgheim@gmail.com eller telefon 996 91 527.


Like ved fylkesveg 7 ligg fruktutsalet og kafeen vår,
Steinstø Frukt- og Kakebu.

Fruktutsalet ligg vegg i vegg med kafèen. Her finn de frukt og bær etter kva som er modent frå garden, eigenprodusert eplemost og sider av eple frå garden, syltetøy av bær og frukt på garden, heimebaka bakverk. Me sel òg gardsmatprodukt frå andre lokale leverandørar.

Følg oss på sosiale media: Instagram: @steinsto, Facebook: “Steinstø Frukt- og Kakebu”

Velkomen til oss!

Produkt på plen med utsikt.jpg
IMG_1573_2.jpg
Ola m gruppe.jpg